Blå gruppe har byrja å så blomkarse i gjennomsiktige beger, slik at vi kan følgje med på korleis røtene veks. Dei samla seg raskt rundt bordet og det er veldig kjekt å få helde på med slikt. Med litt tålmod, fekk alle saman det til.
"Barnehagen skal leggje til rette for at barna framleis skal vere nysgjerrige på naturvitskaplege fenomen, føle tilhøyrsle til naturen og gjere erfaringar med å bruke teknologi og reiskapar"(52:2017 Rammeplan for barnehagen).
Det spirar og gror omkring på avdelingane. VI har også fått smakt på brokkolispirar med noko varierande resultat, men det er heilt klart spennande og få prøve noko nytt!