Skavøypoll
barnehage er både ein tradisjonell barnehage med avdelingar i barnehagebygget, og ei noko meir
utradisjonell organisering med drift i ein stor trelavo i skogen og Vennebussen
som rullar rundt om i kommunen.
Barnehagen
si historie er prega av endring, både med tilbygg og utegruppe i perioden frå
nybygg hausten 1988 til full utbygging i 2013. I dag er vi 6 grupper organisert
som 3 småbarnsgrupper på Marihøna (1-2 år), ei fast 3-årsgruppe på Askeladden
og ei 4 - og ei 5 -årsgruppe, som rullerer på tilhaldsstad i Vennebussen og i
lavoen anna kvar månad.
Opningstid: 07.30 - 16.30
Stengt 5 planleggingsdagar (sjå barnehageruta).