Vi tek i bruk foreldreappen Tieto Edu App
Vi er no klare for å ta i bruk foreldreappen Tieto Edu App for å betre komunikasjonen mellom barnehage og heim
Publisert: 28.02.2022 14:05 Sist endra: aldri Forfattar: Janne Halsør
Vi tilbyr ein ny mobilapplikasjon for Skavøypoll barnehage. Appen vil hjelpe deg som føresatt å halde kontakt med barnehagen på ein oversiktleg og trygg måte.
Om appen
Applikasjonen er utvikla av Tieto, som er tilbydaren vår for fagsystem innan oppvekst. Den er knytt opp mot skule- og barnehagesystema, slik at alle opplysingar om barnet/barna, vil kome fram når du nyttar appen. Du kan mellom anna:
* Melde fråvær, samt sjå fråværsoversikt.
* Halde kontakt med pedagogisk leiar, gjennom meldingar.
* Registrere Tidsskjema for når barnet ditt er i barnehagen.
* Få nyhende frå avdelinga og barnehagen din.
Når du bruker appen må du logge deg inn med ID-porten (MinID/BankID/Comfides etc). Du kan laste ned appen til både Android og iOS. Appen heiter Tieto EDU.
Når kan du laste ned appen?
Du kan allereie no laste ned appen i anten Google Play eller App Store. Hugs at vi er i starten med å nytte appen, og bruker nok litt tid på å ta i bruk alle funksjonane. Viss du ser feilopplysingar eller liknande kan du melde dette til post@kinn.kommune.no.
Viktig
Skriv aldri sensitive personopplysning i kommentarfelt eller i meldingar til barnehagen.
Hastemeldingar må alltid ringast inn til avdelinga.
Rettleiarar
Nedanfor kan du laste ned rettleiarar til korleis du kan bruke appen og få fullt utbyte av den:
https://kinn.kommune.no/vare-tenester/oppvekst-og-utdanning/tieto-foreldreapplikasjon/