Barnehagen skal utarbeide ein årsplan. I tillegg skal det utarbeidast planar for kortare og lengre tidsrom og for ulike barnegrupper etter behov. Årsplanen er eit arbeidsverktøy for barnehagepersonalet og dokumenterer barnehagens val og grunngjevingar. Årsplanen kan gi informasjon om barnehagens pedagogiske arbeid til myndigheitsnivåa, barnehagens samarbeidspartar og andre interesserte.