Sjernarøy barnehage

Velkommen til informasjonssida for Sjernarøy barnehage. På denne sida finn du informasjon om barnehagen.

 

Åpningstider: 07:30-16:30

Avdelingsleiar: Jarand Larsen-Rodvelt

Adresse: Sjernarøyvegen 898, 4170 Sjernarøy

Telefon: 452 20 179

 

Barnehagen slik me kjenner den i dag, opna i 2011 og har lyse og fine avdelingar. Uteområdet vårt blei oppgradert i 2022 og nye leikeapparat og uteplassar er i bruk kvar dag. Barnehagen er omgitt av flotte naturområder og me har eigen strand og brygge der me bruker havet og sjøen så ofte me kan. 
Barnehagen er ein ein-avdelingsbarnehage, men med to basar og to ped.leiarar. Knøttene er for dei yngste, og i denne gruppa har me 6 barn. Kompisane, dei eldste i barnehagen, er 9 barn.
I barnehagen er me 4 fast tilsette. Me har og eit tett samarbeid med Fogn og Ombo barnehage.