Meny
Velg avdeling Forside
Nordsjøvegen 230 4352
Telefon: 51786010 Send oss e-post
Redaktør: Lisbeth Iversen
Åpningstid
7.00 - 16.30
Vi har sommerstengt barnehage i ukene
28 - 30
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gå til Its Learning
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Velkommen til Borsheim barnehage!

Borsheim barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i Klepp kommune. Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Vi opna i nye fine lokalar hausten 2010. Tidligare hadde barnehagen vore korttidsbarnehage med lokaler i gamle Bore skule. Me har plass til 59 barn fordelt på 4 avdelinger. Barnehagen ligg på Bore, med gardar og Orrevatnet som nære naboar. Ein liten spasertur unna har vi Borestranda, som er ei av Jærens flotte strender.

Slik tenker vi barn og barndom i Borsheim:

Viktige ord fra vår visjon:

Livsglede er ein viktig kvalitet i livet. Vi ønsker å gi barna dei beste moglegheitar for å kunna nyta livet, vera glad i seg sjølv og vera tilfreds med eigen kvardag. 

Den autoritative vaksne: Den vaksne i barnehagen skal utøve ein autoritativ vaksenstil. Det vil sei at den vaksne skal vera varm og respektfull ovanfor barnet, samtidig som den vaksne setter grenser og stillar krav til barnet.

 Medverkande barn: Vi vil at barna i barnehagen skal vera med å påverka sin barnehagekvardag ut i frå alder og modning. Medverking betyr at barnas meining, ønsker og behov skal få koma fram, og tas på alvor. Dei skal involverast, og det skal setjas ord på å forklarast anten deira innspel og ønsker kan gjennomførast eller ikkje.

Våre verdiar:

Tryggleik: Handlar i stor grad om å oppleva omsorg, beskyttelse, forutsigbarheit, stabilitet og tillit. Autoritative vaksne som brukar anerkjennande kommunikasjon ved å møta barna med respekt og forståing, bidrar til å skape tryggleik. Ein trygg relasjon er prega av lydhørheit, nærleik, innleving og evne å vilje til samspel. Tryggleik styrkjer barns føresetnader for å utvikla tillit til seg sjølv og andre, gode relasjonar og til å gradvis ta større ansvar for seg sjølv og fellesskapet. Barn treng  tryggleik for å våge å utforska verda rundt seg.

Inkludering: Inkludering vil sei at uansett bakgrunn og tilhøyring blir ein  møtt med respekt å får vere med ut frå sine føresetnader. I barnehagen tar barna del i kvardagen ut frå interesser, kompetanse og utviklingsnivå. Vi gir rom for barnas engasjement og bidrag. Personalet i barnehagen har ansvar for å sikra gode fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremma demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.  

Respekt gir uttrykk for ein haldning overfor andre som visar anerkjenning og velvilje, uansett om du er einig i det personen gjer eller seie. Alle menneske er likeverdige, og vi må akseptera at ein person er- eller tenker forskjellig frå ein sjølv. Like viktig er det at kvart enkelt barn behandlar seg sjølv respektfullt. Å respektere mangfald er ein del av barnehagen sitt verdigrunnlag.

Vi har følgjande barnesyn :”Barnet må bli respektert for det unike menneske det er”